Pensjonspoeng, skatt og trygd etter pensjonsreforma - Klepp Regneskapslag

Fagartikkel

Pensjonspoeng, skatt og trygd etter pensjonsreforma
I eit skatterekneskap kan den enkelte næringsdrivande innafor eit visst spenn sjølv velja å spara mest mogeleg skatt eller tenkja meir på opparbeiding av pensjonspoeng og dermed betala noko meir skatt det enkelte år enn ein strengt tatt var nøydd til.

Dei tradisjonelle råda har vore å leggja pensjonsgjevande inntekt (personinntekt i næring pluss eventuell lønnsinntekt) opp mot grensa for toppskatt. Verknaden har då vore at ein opparbeider gode trygderettar samstundes som ein unngår toppskatt på inntekta.

Spørsmålet no er om denne tilrådinga framleis er den rette, eller om endringar av trygdesystem og skattereglar gjer det vel så fornuftig å spare til pensjonsalderen på andre måtar.

Endringar i reglar
Pensjonsreforma som har blitt innført dei siste åra har endra mykje av reglane når det gjeld opparbeiding av trygderettar. Det er fleire vesentlege endringar.
Vi nemner her berre nokre få sentrale:
  • Mange kan starta uttak av pensjon frå dei er 62 år. Vilkåret er at ein har så gode rettar at årleg beløp – sjølv om ein deler det på fleire år - blir større enn garantipensjon (minstepensjon). Som dei fleste er klare over kan ein ta ut pensjon og samtidig fortsetta i arbeid. Dette gjeld også når ein driv gard.
  • Alle åra tel med når pensjonen blir utrekna – ikkje berre dei 20 beste åra slik reglane har vore til nå. Dette er ei klar ulempe for næringsdrivande som har større variasjon i inntekt enn t.d. ein lønnsmottakar.
  • Ordninga gjeld ikkje alle. For dei som er født i 1963 eller seinare gjeld endringane fullt ut, medan dei gamle reglane gjeld for dei som er født i 1953 eller tidlegare. Aldersgruppa mellom får ein gradvis innføring. Til dømes får dei som er født i 1962 90 % frå den nye ordninga og 10 % frå den gamle.

Frå 2012 aukar trygdeavgifta for næringsdrivande i landbruk frå 7,8 % til 11,0 %. Denne skatteauken på 3,2 % medfører at det blir enda dyrare å opparbeida pensjonsrettar gjennom trygdesystemet. Når dette er sagt må det også nemnast at denne auken i trygdeavgift i all hovudsak blir kompensert gjennom auke i jordbruksfrådraget, men det endrar ikkje hovudargumentet om at det blir mindre aktuelt å betala ”frivillig” trygdeavgift for å auka trygderettane.

Ikkje lønsamt å betala meir enn nødvendig i trygdeavgift
Mange gardbrukarar har ei samla pensjonsgjevande inntekt på mellom kr. 300 000-400 000. For denne gruppa er det berre ein liten del av det ein betaler inn som trygdeavgift som går med til å auka pensjonsutbetalinga. Dermed blir dette ei lite lønsam investering. Ved å nytta NAV sin pensjonskalkulator for ein person født i 1965 får vi tabellen nedanfor. Den viser ein auke på kr. 18 000 i årleg alderstrygd frå 67 år når pensjonsgjevande inntekt går opp frå kr. 200 000 til kr. 400 000.
 
Gjennomsnittleg inntekt  Oppteningstid Alderstrygd frå 67 år
200 000 40 163 000
300 000 40 171 000
400 000 40 181 000
 
Konklusjonen vår er at det i dei aller fleste tilfella ikkje løner seg å betala meir enn det ein treng i trygdeavgift. Det må understrekast at dette først og fremst gjeld for dei som heilt eller i stor grad kjem inn under den nye pensjonsordninga.

Kva med sjukepengar?
Eit argument mot å pressa inntekta for langt ned er at pensjonsgjevande inntekt også er avgjerande for kor store sjukepengar ein får utbetalt frå NAV om ein skulle bli sjuk. Hovudregelen her er at ein får sjukepengar berekna ut frå gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt siste 3 år.

For husdyrbrukarar treng ikkje dette bety så mykje. Dei vil som oftast ha rett på avløysarpengar under sjukdom, som i mange tilfelle kan gje vel så god utteljing som ordinære sjukepengar. Merk at avløysarordninga er ei refusjonsordning, ein får ingenting dersom ein ikkje løner ein avløysar i sjukeperioden. Vilkåret for å kunna nytta sjukeavløysing er at ein har ei næringsinntekt frå jordbruk på minst ½ G (ca kr 40 000).

Vurder uføreforsikring
Dersom ein blir varig uføretrygda med meir enn 50 % uføretrygd vil ein få utrekna uføretrygd etter nokolunde dei same prinsippa som alderstrygd.

Vi ser at for mange som får denne utrekna etter den nye ordninga vil ytingane bli låge. Verknaden med å sikra seg betre rettar gjennom høgare pensjonsgjevande inntekt er moderat. I forhold til uførescenariet bør nok mange heller tenkja grundigare på om ein skal ordna seg betre gjennom private forsikringar.

Viktige minimumskrav til inntening
Med store investeringar og dermed grunnlag for høge avskrivingar er det alltid ein del som kan komma svært lågt i inntekt. Kor lågt ein skal gå det enkelte år kan avhenga av mange faktorar. Store avskrivingar i nokre år, kan gje tilsvarande høgare inntekt andre og komande år, og då med høgare marginalskatt.

Nokre moment skal ein likevel ta omsyn til i forhold til m.a. å bruka avskrivingar til å redusera næringsinntekta:
  • For å få fullt jordbruksfrådrag (kr. 142 000 for 2011) må ein ha ei næringsinntekt frå garden på kr. 329 000
  • Ein har ingenting igjen for å redusera samla nettoinntekt (etter rentefrådrag og jordbruksfrådrag m.m.) til under kr. 43 000. Grunnen er at dei første kr. 43 000 ein tener er skattefrie uansett.
  • Husdyrbrukarar må passa på å ha ei næringsinntekt på over kr. 40 000 for å ha rett på sjukeavløysing.
  • Dei som har passert 56 år må vurdera inntekt i forhold til rett til tidlegpensjonsordninga i landbruket. Her er det både krav om minsteinntekt og krav om kor stor del av samla inntekt som må koma frå landbruk.

Konklusjon
Endringane i pensjonsreforma har gjort det mindre interessant og lønsamt å spara til pensjonsalderen ved å betala meir skatt enn ein strengt tatt trengde. Som oftast vil det vera gunstigast å redusera skatten innafor gjeldande reglar, og heller bruka frigjorte midlar til private forsikringsordningar eller anna sparing fram mot pensjonsalderen.
 

Alle fagartikler:

17.02.2017
Regnskapsbransjen er inne i en rivende utvikling. Årsaken er ny teknologi som i større grad kobler sammen kunders og leverandørers økonomisystem.
 
06.07.2016
I 2015 ble det innført utbytteskatt for aksjonær i aksjeselskap ved opptak eller utvidelse av lån fra selskapet. Regelendringen ble gjort gjeldende fra og med 07.10.2015.
 
02.03.2016
De aller fleste næringsdrivende har et visst behov for å bruke bil i utøvelsen av næringen, og i mange bransjer er det også vanlig å utstyre de ansatte med firmabil av eller annen art. Bilhold i næring kan i noen tilfeller være et skattemessig minefelt, og det er derfor viktig å ha en oversikt over de viktigste reglene og problemstillingene. I artikkelen bruker jeg «yrkesbil» som fellesbetegnelse for «firmabil» og «næringsbil».
 
12.02.2016
Vi må alle gjøre valg fra tid til annen. De ulike valgene vil kunne endre drifta av garden på ulike måter – på godt og på vondt. Endringer kan være stimulerende og gi en ny glød, men de kan også være truende
 
Til toppen
Klepp Rekneskapslag SA
Postvegen 209
4353 Klepp Stasjon
Tlf.: 51 78 69 90
Fax: 51 78 69 91
E-post: klepp@grl.no

Org.nr.: 971 557 397
Bankkonto: 3290.05.90228
Våre åpningstider:
Mandag-fredag kl. 07.30-15.00
Torsdag åpent til kl. 17.00
i perioden 1. januar-30.april.