Vurderar du aksjeselskap som selskapsform? - Klepp Regneskapslag

Fagartikkel

Vurderar du aksjeselskap som selskapsform?
Næringsverksemd kan organiserast på fleire ulike måtar. To av dei mest vanlege organisasjonsformene er enkelpersonføretak (ENK) og aksjeselskap (AS).

Denne artikkelen tek for seg i kva grad eit føretak som i dag er organisert som ENK kan ha nytte av å vurdera AS som alternativ organisering. Kva er forskjellen med å driva næring som ENK samanlikna med AS, og kva vil det innebere å endra organisasjonsforma?

Kort om organisasjonsformene ENK og AS
Når ein person driv ei verksemd i eige namn og for eigen risiko, er det eit ENK som vert drive. Kjenneteikna ved ENK er at utøvaren har ubegrensa personleg risiko for den verksemda som vert driven. Det inneber at dersom verksemda går dårleg, kan utøvaren risikera å måtta dekke tap som er oppstått med eigne, private midlar, utan at det er nokon grense for kor mykje som må dekkast. Eit overskot frå eit ENK vert skattlagd saman med utøvaren sine andre inntekter og frådrag, det året overskotet vert opptent. Eit ENK er ei enkel og fleksibel organisasjonsform, lett å etablera og avvikla, og med få formkrav knytta til seg.

Eit AS er kjenneteikna med at risikoen er avgrensa til det selskapet rår over av midlar. Eigaren heftar ikkje for gjelda som selskapet har teke opp, og risikerer ikkje å tapa meir enn det som er skote inn i selskapet i form av aksjekapital. Eit AS er eit eige rettssubjekt, som på eiga hand har rettar og pliktar, kan stifta gjeld og føreta økonomiske disposisjonar. Stifting og drifting av eit AS er noko meir omfattande, og dermed også ofte noko dyrare, samanlikna med ENK. Det er også fleire krav til formelle vedtak og institusjonar samanlikna med ENK. Reduserte krav til aksjekapital og moglegheit for å velja vekk årleg revisjon av rekneskapa er endringar som i seinare tid har gjort det lettare med AS som organisasjonsform.

I kva situasjonar kan AS vere eigna framfor ENK?
Me vil her sjå på tre ulike moment der AS kan vere eigna framfor ENK ved drift av næringsverksemd. Momenta kan samanfattast i orda risiko, skatt og eigarstruktur.

Risiko
AS er godt eigna som organisasjonsform i dei tilfella der risikoen ved verksemda er stor. Ettersom eit AS er eit eige rettssubjekt, avskilt frå eigarane, vil risikoen ved verksemda vere knytt til selskapet. Eigaren eller eigarane kan dermed avgrensa den risikofylte verksemda si i eit eige selskap. Her kan det likevel kome inn andre krav om sikring, til dømes frå finansinstitusjonar som krev sikring av sine utlån utover AS sine eigendelar. Dermed kan eigarane av AS likevel måtte stille eigne verdiar som sikring, for i det heile å oppnå finansiering for verksemda.

Skatt og avgift
I eit ENK vert overskot av verksemda skattlagd det året overskotet vert opptent, og det vert samordna med utøvaren sine andre inntekter og frådrag. Dersom verksemda gjev store overskot kvart år, større enn det ein treng til privat bruk, kan skattebelastninga ved eit ENK kome tidlegare, og i nokre tilfeller verte høgare samanlikna med AS. Overskot frå eit ENK vil ein måtte betale både nettoskatt (28%) og bruttoskatt (trygdeavgift og evt. toppskatt) av, mens for eit AS vil skattekravet i utgangspunktet vere 28% skatt. Eigaren av eit AS kan ta ut midlar frå selskapet, anten som løn eller som utbytte. Dermed har utøvaren i eit AS større moglegheit for sjølv å kunne fastsette kor stort skattetrykket vil bli det enkelte året. Overskot i eit AS som eigaren ikkje har bruk for privat, kan verte ståande i selskapet, og er dermed bare skattlagd med 28%.

Eit anna moment som talar til fordel for ENK, er at AS plikter å betale arbeidsgjevaravgift av løna frå selskapet. Dette er ein skatt på løn som ein ikkje har for utøvaren i eit ENK.

Eigarstruktur
Eit ENK er kjenneteikna med at det kun er ein person som driv verksemd. Ønskjer personen å drive verksemda vidare i lag med andre som skal inn på eigarsida, kan ikkje vedkomande driva vidare som ENK. I eit AS er det ikkje nokre grenser for kor mange eigarar som kan vere med, og det er fullt mogleg for eigaren eller eigarane å endra på eigarforholdet når dei måtte ønska det.

Kva med AS på gardsbruk som driv tilleggsnæring?
Når det gjeld val av organisasjonsform i ei jordbruksverksemd, er det nokre vurderingar som kjem i tillegg til dei momenta som er nemnde ovanfor.

Jordbruksfrådraget
Pr. i dag er det bare utøvarar i ENK som kan nytte seg av dette frådraget, ikkje jordbruksverksemd drive som AS. Skatteeffekten av dette frådraget kan verte maksimalt ca kr. 47.000 årleg, dersom overskotet frå jordbruksverksemda er høg nok.

Produksjonstilskot
Nokre vilkår knytta til å kunne søkje om produksjonstilskot gjer at AS kan kome dårlegare ut i forhold til ENK. Eit AS som er eigd av andre AS har ikkje rett på tilskot. Grunnen til dette er at ein lett skal kunna ha oversikt over kven som er dei reelle mottakarane av tilskotet.

Konsesjonslova
Eit AS vil ikkje kunne få konsesjon til kjøp av landbrukseigedom slik loven er i dag. Dermed er ikkje AS eit alternativ når det gjeld eigarskapet til sjølve eigedomen.

Når er det likevel aktuelt å vurdere AS som driftsform i landbruket?

Risikoavgrensing
Eit føretak som driv fleire ulike produksjonar kan ha nytte av å vurdere om til dømes ein av produksjonane kunne vore skilt ut som eige føretak i AS – form. Dersom ein av produksjonane var særleg krevjande og hadde potensial for store tap (men og stor forteneste), ville ei utskiljing av denne produksjonen i AS kunne vere med på å redusere risikoen for tap som kunne gå ut over dei andre, meir stabile eller sikre produksjonane.

Skatt - minstefrådrag
Skattemessig ville det å drive ein produksjon i AS også kunne gje høve til å ta ut noko løn frå AS, og dermed nyte godt av minstefrådraget som alle lønsmotakarane får.

Samarbeid
Organisering som AS i eit jordbruksføretak kan gjere det lettare for fleire å gå saman om ein produksjon, sidan det vil opne for fleire eigarar. Ved å vere fleire i lag, kan ein kanskje gje seg i kast med større utfordringar og produksjonar enn ein hadde hatt moglegheit til på eigen hand.

Skattefri omdanning frå ENK til AS
Ei verksemd drive som ENK kan omdannast til AS utan at det utløyser nokre skattemessige ulemper. Dette kan gjennomførast ved å nytta seg av reglane for skattefri omdanning av ei verksemd som er regulert i skattelova.

Ein utøvar som ønskjer å starte eiga verksemd, kan dermed starte som ENK og etter ei tid endre verksemda til AS dersom vedkomande finn ut at dette no var ei meir teneleg organisasjonsform. Det er knytt vilkår til at heile verksemda då må omdannast, og at eigarforholda etter omdanninga er dei same som før omdanninga. Ved omdanning frå ENK til AS inneber det at utøvaren må verte eineeigar av AS’et som vert stifta ved skattefri omdanning frå ENK. Etter at den skattemessige omdanninga er føreteke, er det likevel fritt for å få med seg fleire på eigarsida.

Det er bare høve til å omdanne til AS, den andre vegen; frå AS til ENK, er ikkje mogleg.
 

Alle fagartikler:

Arkiv

17.02.2017
Regnskapsbransjen er inne i en rivende utvikling. Årsaken er ny teknologi som i større grad kobler sammen kunders og leverandørers økonomisystem.
 
06.07.2016
I 2015 ble det innført utbytteskatt for aksjonær i aksjeselskap ved opptak eller utvidelse av lån fra selskapet. Regelendringen ble gjort gjeldende fra og med 07.10.2015.
 
02.03.2016
De aller fleste næringsdrivende har et visst behov for å bruke bil i utøvelsen av næringen, og i mange bransjer er det også vanlig å utstyre de ansatte med firmabil av eller annen art. Bilhold i næring kan i noen tilfeller være et skattemessig minefelt, og det er derfor viktig å ha en oversikt over de viktigste reglene og problemstillingene. I artikkelen bruker jeg «yrkesbil» som fellesbetegnelse for «firmabil» og «næringsbil».
 
12.02.2016
Vi må alle gjøre valg fra tid til annen. De ulike valgene vil kunne endre drifta av garden på ulike måter – på godt og på vondt. Endringer kan være stimulerende og gi en ny glød, men de kan også være truende
 
02.12.2015
Som rekneskapskontor opplever vi nokre gonger at kontantsalg av grønsaker, poteter, egg og anna varesalg ikkje er tilstrekkeleg dokumentert. Ved eit eventuelt bokettersyn vil manglande dokumentasjon av kontantsalg ofte føre til betydelege skjønnsmessige inntekts- og avgiftstillegg. Artikkelen gjev ei kortfatta oversikt over regelverket kring kontantsal.
 
30.11.2015
I noen tilfeller blir den aktive driften på et gårdsbruk avviklet og erstatet med mer eller mindre passiv bortleie av hele eller deler av gården. I artikkelen ser vi på skattemessige konsekvenser ved opphør av aktiv drift, og hvordan man kan tilpasse seg for å opprettholde fradragsrett for utgifter på gården etter opphør. I noen tilfeller blir den aktive driften på et gårdsbruk avviklet og erstatet med mer eller mindre passiv bortleie av hele eller deler av gården. I artikkelen ser vi på skattemessige konsekvenser ved opphør av aktiv drift, og hvordan man kan tilpasse seg for å opprettholde fradragsrett for utgifter på gården etter opphør.
 
29.11.2015
Som fylgje av bruksrasjonaliseringa i landbruket, og god tilgang på arbeid utanfor næringa, har det blitt meir og meir vanleg med heil eller delvis utleige av landbrukseigedomar. Artikkelen tek for seg reglar og problemstillingar knytta til skatte- og avgiftsmessig behandling av forskjellige former for utleige for eit enketpersonføretak, med spesielt fokus på utleige i tilknyting til landbruket. I tillegg vert det drøfta korleis ein kan tilpasse seg for å oppnå ein gunstig skatte- og avgiftsmessig posisjon i utleigeverksemda.
 
29.11.2015
Gruppeinndelte fjøs er framtidsretta og fleksible separate bygg med fokus på god logistikk og framtidig utviding. Kapitalbelastninga blir fordelt over fleire år, men gjev noko høgare total byggekostnad. Kostnadsnivået for nytt fjøs kan påverkast ved medvitne val av løysingar.
 
29.11.2015
Et moderne produksjonsanlegg til melkeproduklsjon skal være rasjonelt. Det skal være mulig å produsere mange kg melk pr. arbeidstidme i fjøset uten å bli overarbeidet. Det skal også være mulig å utvikle anlegget slik at det hele tiden er up to date. Det krever en god og gjennomtenkt logistikk.
 
29.11.2015
Med dagens regler kan jordbruksfradraget gi en skattebesparelse på inntil kr. 46.950. Jordbruksfradraget utgjør derfor et viktig element i optimaliseringen av næringsinntekt for primærnæring. Arikkelen gir en oversikt over regelverket for jordbruksfradrag, og drøfter mulighetene for å tilpasse seg dette regelverket.
 
29.11.2015
Det kan være aktuelt å selv importere varer og tjenester fra utlandet. Artikkelen belyser viktige sider ved import av varer og tjenester generelt, og for landbruksforetak spesielt.
 
22.11.2015
Fram til i dag har samdrifter i landbruket stort sett vært etablering innen melkeproduksjon og drift av maskinstasjoner. Men en samdrift kan ogsåvære høyst aktuelt ved driftssamarbeid innen andre produksjoner og andre samarbeidsproduksjoner med økonomisik formål. Artikkelen tar for seg praktiske sider ved etablering av samdrift.
 
21.11.2015
Etablering av aksjeselskap (AS) er aktuelt for mange som skal starte nytt føretak i forhold til risiko, skatt, avgift og eigarstruktur. Du kan også starte som enkeltpersonføretak, og seinare skattefritt omdanne til AS. For landbruket kan AS også vera aktuell selskapsform, men dette vil få økonomiske og skattemessige konsekvensar for føretaket.
 
20.11.2015
Ved de fleste familieoverdragelser unngås oftest skattlegging på salg av den faste eiendommen. Gevinst på salg av løsøre (buskap, maskiner og varelager) er alltid skattepliktig. Reglene for skattlegging av salg av landbrukseiendom er relativt kompliserte, slik at en bør søke faglig rådgivning og hjelp ved salg av landbrukseiendom.
 
19.11.2015
Ny pensjonsreform har gjort det mindre interessant og lønsamt å spara til pensjonsalderen ved å betala meir skatt enn nødvendig. Det er meir gunstig å vurdere private forsikringsordningar eller anna sparing fram mot pensjonsalderen.
 
18.11.2015
God oversikt og styring av produksjonen og økonomi er avgjerande for å lukkast i drifta av garden/landbruksføretaket. Dette er krevjande - både for nye gardbrukarar som nyleg har overteke, på bruk når nye investeringar skal gjennomførast, og for føretak med stor og omfattande produksjon der marginane er viktige. Budsjett med løpande måling mot rekneskapet er svært viktige styringsverktøy.
 
17.11.2015
Kva er leasing? Når er det aktuelt å finansiere ny investering med leasing i staden for å låne?
 
< Tilbake